
Auggie Wrens Juleforteljing
Det som kjenneteikner ei juleforteljing er at jula er med, at ein får ein kjensle av jula. Forteljinga bør ende godt, og det er ein fordel å ha ein god julestemning som får folk til å kjenne seg att. I denne juleforteljinga har vi Auggie som så gjerne vil gjere ei god gjerning, men som kanskje slår i feil retning. Auggie har nemmeleg funne lommeboka til ein tjuv som stal bøk frå butikken hans. Han klarar ikkje anna enn å levere lommeboka utan anmeldelser. Han finn berre den blinde bestemora hans, og gjev seg ut for å være barnebarnet hennar. Etter ein lang dag med henne stikk han av med eit av mange kamera medan ho sov.
Noko som gjer Auggie Wrens Juleforteljing til ei juleforteljing er vel fyrst og fremst på grunn av tittelen, og at den har med jula å gjere. Forteljinga har og med gode gjerningar som gjev ein stor medkjensle. Historia hender i juletider. Paul har ingen å vera saman med, sidan dei han plar vera saman med er i florida. Det er nok ein av grunnane til at han utgjev seg for å vera barnebarnet til bestemora.
Hobbyen til Paul er å ta bilete, fotoapparatet han tek bileta med er det han tok. Motivet er det eine same lille gatehjørnet, der han tek bilete til same tid kvar dag. Klokka sju. Deretter set han alle bileta inn i album og i rekkefølgje for å følgje med på forandringar. Dette har han gjort i 12 år. Det er Jul, noko som òg tematiserer tida.
Paul Auster klarar å skrive mange historiar inni same historia, ved at han f.eks. flettar inn det med korleis han får tak i fotoapparatet sitt. Då fortel han det med då han leverar tilbake lommeboka, og endar opp med ein god middag og det fotoapparatet han har ynskja seg lenge. Andre eksempel er alle dei bilda Paul tek er ei historie i seg sjølv. Den fortel korleis den gata utviklar seg, korleis vêret er og kven som passerar der i denne tida.